Her kjem eit reisebrev frå kitecruiset med Lapoint til Rødehavet i veke 38!
Grytidlig 14 september møttes 18 trøtte, men spente, kiterar på gardermoen flyplass. Etter ein direkte flytur på snaue 5 timar enda vi i Hurghada, Egypt. Her vart vi frakta med buss til marinaen, der vi vart plukka opp av småbåtar som køyrde oss ut til den største båten i havna. Der fikk vi slappe av etter turen, medan mannskapet lossa kiteutstyr til den store gullmedalje. Ettermiddagen gjekk med til infomøte, avslapping, bading og sosialisering, i tillegg til meir enn nok mat.
Dagen derpå våkna vi til ei lett vugging og rundt klokka 9 var vi framme ved den første spotten ved øya Tawila. Etter frukost vart vi frakta i båt til stranda, der det var plass til å rigge og launche. Vinden låg på om lag 10-12ms heile dagen, før det droppa litt på ettermiddagen.
På alle spottane var det offshore, og vi hadde til ei kvar tid ein redningsbåt som låg klar om det skulle vere noko. Som på alle spottane denne veka var vatnet turkis, varmt og flatt, og vi vart vel rask enige om at å ha dette for oss sjølv må seiast å vere toppen av lykke:) Det var sol frå skyfri himmel kvar dag, og til tross for vind over 15ms enkelte dagar var det merkverdig varmt, ein kunne stå i shorts og bikini til det vart mørkt rundt halv 7. På båten fikk vi tre måltid om dagen, i tillegg til småmat og alt av drikke imellom. Merkelig kor mykje og kor god mat kokken klarte å lage på vesle kjøkkenet! Skills hadde han vertfall!
Dagane vart delt i to økter, ei før og ei etter lunch, og dei fleste fikk minst 4-5 timar på vatnet dagleg, litt etter graden av stølhet. Utover veka var vi fleire som måtte ha lengre pausar på stranda, tross meir enn nok vind:P
Dag to våkna vi til ein ny spot, eg trur det var ved øya Geisum. Det var fin vind mellom 10 og 15ms, og her fikk vi kita frå oss til det vart mørkt. Slik gjekk òg dag tre; Fantastiske forhold og rikelig med vind ved ei lita øy ikkje lagt unna den førre.
På formiddagen av dag fire drog vi avgårde med småbåtane til ei øde lagune, men denne dagen vart vinden for lett, så vi passe støle kiterane brukte tida til bading, snorkling, fisking, sosialisering og soltilbeding.
Dag fem var vinden tilbake og vel så det, med om lag 12-15ms. Spotten denne dagen vart vel erklært en av dei beste i løpet av turen. Før høgvatn var det nesten litt for grunt vatn, så en måtte stå ganske langt ute, men etter lunch var det perfekt, og vinden holdt seg i godt 7er føre før den dabba av rett før solnedgang. Flatare vatn skal ein leite lenge etter!
Søndags morgen var det ei økt for dei mest ivrige frå om lag halv 7, på ein spot om lag 30 minutt unna Hurghada. Dessverre glimra vinden med sitt fravær, så det vart med sightseen.
Etter frukost var det tilbake til fastlandet, før turen gjekk til eit hotell like ved havna. Så fikk vi mulighet til å sjekke ut en spot på fastlandet, El Gouna, som ligg om lag 30 min unna Hurghada. Dette kan seiast å vere eit område designa utelukkande for turistar og med heftige sikkerhetsrutiner for inn og utkøyring. På stranda ligg tre kiteklubber side om side, og en kan sitte i ein lenestol på ein kafè og sjå ut på dei som herjer på langgrunna. Det var kunn fem av oss som hadde med utstyr, og i den lette vinden var det Jo Inge med sine 14 og 17m2 kiter som fikk stått mest.
På kvelden runda vi av turen med ein god middag i godt lag på marinaen i Hurghada, med ein påfølgande fuktig tur på nattclub:) For meg var dette den beste reine kiteferien eg har vore på sålangt, og eg veit vi var fleire som følte oss skikkelig heldige som fikk muligheten til å vere med. Supre spottar, flatt vatn og kunn kiting og ferie i ei heil veke!:) I tillegg var det ein utruleg flott gjeng å dele opplevelsen med! Marta Fretheim skal ha skryt for god organisering og godt arbeid, og eg håper det blir tur til neste år!
Du må være innlogget for å legge til kommentarer.